Brenning førebygger brann!


I midten av mai braut det ut lyngbrann på Ottersøya i Nord-Trøndelag og ved Rylandsvatnet i Bremanger. Paradoksalt nok er det mangel på brenning, eller lyngsviing, som legg grunnlaget for desse ukontrollerte utmarksbrannane.dsc00393Kontrollert lyngsviing på Nerlandsøy. 

Langs norskekysten har vi eit lyngheiareal på om lag 750 km2. Sjølv om det er lett å få inntrykk av at dette ope kystlandskapet er eit resultat av det barske kystklimaet, er det i sanninga beite og kontrollert sviing som held kratt og skog unna. Det er særleg bøndene  som driv med gammalnorsk sau som ivrar mest for å halda lyngheiane i god hevd. På den måten sikrar dei gode beitetilhøve for utegangarsauen gjennom vinterhalvåret.

Under ei planlagd og kontrollert lyngsviing er føremålet å fjerne biomassen over bakken utan å skade biomassen under bakken. Ein brenn når jorda er frosen eller vassmetta slik at røter og frøbanken i jorda ligg trygt beskytta frå flammar og høge temperaturar. Fjerninga av biomassen over bakken held kystlandskapet ope, og krattvekstar som einer og lauvskogsartar forsvinn. Kort tid etter brannen dukkar irrgrøne frøspirar opp. Gras og urter spirar friskt i det lysope terrenget, og etter ei tid vender også røsslyngen tilbake. Før kvar sviing ligg det mykje planlegging og organisering, slik at brannen kan styrast akkurat slik vi ønskjer, og sløkkast akkurat når vi vil.img_1665_gamledager
Liv Guri brenn lyng på Smøla. Skogbrannsmekker er eit viktig hjelpemiddel for å halde kontroll på brannen (kan kjøpast hos Braco.no).

Etter ei lyngsviing vil vegetasjonen dei første åra være mykje mindre brannfarleg enn attgroande lynghei. Om brannflatene i tillegg vert beita, vil vegetasjonen ha ein dempande effekt på ukontrollert brann i 10-15 år, ofte endå lenger. Skulle slike område likevel ta fyr, er det lettare å stogga elden her enn i gamal lyngmark.

Med intensiveringa av landbruket på den eine sida, og opphøyr i bruk på den andre sida, har bruken av desse kystbeita gått tilbake – og med det behovet for å pleie beita og halde krattvekstar vekke. Konsekvensen er at landskapet gror att, og at biomassen aukar, i både volum og i høgde. I tillegg veit vi at det finnast mykje tørkeskada lyng langs kysten vår som følge av den store tørka vinteren 2014. Studiar på denne lyngen har vist at daud lyng tørkar fortare opp enn levande lyng, og er brannfarleg allereie etter to finevêrsdagar. Dette betyr at det trengs langt kortare periodar utan nedbør før utmarka no er brannfarleg.dsc00811
Kontrollert lyngsviing skjer i vinterhalvåret når bakken er vassmetta eller frosen. Pål har god kontroll på flammane som beveger seg opp mot bakketoppen der dei ofte dør ut av seg sjølv. 

Dei mange ukontrollerte skog- og lyngbrannane dei seinare åra skuldast ein kombinasjon av aukande attgroing av lyngheiane langs kysten og hyppigare tilfelle av ekstremvær med periodar utan nedbør. Brannmannskapa får utfordringar dei har lita erfaring med, og i tillegg alt for lite ressursar til å øva på. I ein del kommunar har brannvernetaten og saubøndene funne saman i eit fruktbart samarbeid om lyngsviing. Dette gjev brannmannskapet meir praktisk erfaring og utegangarsauen betre beitetilhøve. Det er fleire modellar for korleis dette vert organisert og finansiert, og dei fungerer. Eit slikt samarbeid føreset ansvarleg framferd frå saubøndene og ein samarbeidsvilje frå brannvernetatane. Resultatet er at vi får ein vinn-vinn situasjon som reduserer brannfaren i det attgroande landskapet, samstundes som kystlyngheiane vert tekne vare på og kan nyttast både som beiteressurs og til friluftsliv.